Foto: Morten Skogly

To dikt av Hallgeir.F

Små bekkar

eg vil demme opp livets åer
sjå muddervegar tørrlagt
la skuggeplanter tørste

eg vil symje i demninga
møte stranda
med berre meg –
utan frykt
inga sårheit
eller lengsel etter meir

Nummer fem

ikkje rop på meg
ikkje snu deg imot meg
eg kunne tru
du meinte det

gjer heller som i går –
so kan eg framleis
vere ven med håpet

Hallgeir.F

(Foto: Hverdagsknust, av Morten Skogly)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *