Natt
Du søv,
håpar eg…

Det er berre eg og ho
Snart søv også ho

Berre vi to i natta…

Eg ser ned i
det lille andletet
Ser kor det langsamt
får fred

To små blåe auge
møter mine
Glir langsamt
att…

Ho er lett og samstundes tung

Eg legg ho mot skuldra
og ser utover fjorden
Det lille hovudet kviler
mot halsen min

Høyrer eit tilfreds
lite sukk
Kjenner ei lita hand
forsiktig mot bringa mi

Der nede blenker lysa
frå jarnvegsovergangen
Gult, trygt. Raudt, fare
Bommane går ned

Ser lysa frå eit nordgåande
tog nærma seg, sakte
Det er fleire enn eg
som har arbeid i natt

No søv ho
men eg går ikkje ned
enno. Ikkje enno
Står og ser mens lysa
vert gule

Ser etter toget
som fer i natta
Stadig vidare
utan ro

Så går vi ned att

Leggetid…
– Hans Jørgen Varfjell

Café y Bebé
photo credit: Daquella manera